Professor Berge Furre om Aril Edvardsen

-Ein politisk SV-leiar – og misjonsleiaren? Gjekk dei ihop? Dei gjorde det. Vi visste om kvarandre. Vi hadde auga til kvarandre. Utan at vi gjorde ei sak ut av det. Vi kunne nok ha ulike syn om eitt og anna, men helst forstod vi kvarandre.

Av Berge Furre

Det var TV2 som ville ha eit intervju like etter gravferda. Eg kunne ikkje koma til Kvinesdal då, men måtte møta i studio i Oslo. Så kunne eg fylgja med på skjermen.  Det var tungt. Eg fylgde talene frå dei mange som fann orda om kor vondt det var at Aril ikkje var meir slik. Eg kjende sorga gripa hardt om halsen og hjarta.

Men så skifte TV2 frå Kvinesdal til studio i Oslo. Det vart direkte sending. Eg kom i TV-ruta og gav av sorga – som dei andre i Kvinesdal. Men så skjedde det noko underleg. Eg mista sorga – og fann Aril. Smil. Glede. Dei mange minne. Dei strålande augo når han hadde fått noko stort til. Ein foss av glede og humor som kom over meg. Dei gode augo av tru og vilje og tillit til Gud.
Jau, han var der den dagen, Aril. I himmelen. Og hjå meg. Han var den opne glade sterke guten som Herren hadde henta – og som Herren hadde vist veg. Også denne dagen. Syrgde? Javisst. Men gleda og styrken som eg såg i Guds ande var sterkare. Eg gjekk ut av TV-studio og ut på gata. Som om han var med meg – gjekk jamsides.

Han sprengde grenser
Sorga tok. Men vi visste at eit løft i Guds rike gjekk vidare. Over heile verda hadde Aril spreidd sine spor – sine spor av tru, rettferd og framtid. Vi visste at det som var løfta ville bli ført vidare. Vi trong det. Vi visste at han sprengde grenser – spreidde heile kontinent og såg spora.
Han sprengde grenser – i vårt land og internasjonalt. Han visste å fortelja om tru på Jesus – og muslimar kom og høyrde. Fordi han var ein ærleg truande som var budd til å løfta sin bodskap – og fekk andre til å forstå. I Asia, i Midtausten, i Afrika …

Hans kampanjar opna – for den tredje verda, for Noreg. Han var ein fredsbyggjar. Difor kunne han møta Yassir Arafat i tillit og samtale. Lenge før leiande politikarar hadde funne den vegen mot meir dialog. Aril visste om dialog. Og han visste kva som gav tillit. Så kunne han møta muslimske leiarar til samtale – i tru. Og han var motig. Han visste at han gjorde rett – sjølv om mange av hans tilhengarar undrast. For han var ikkje den som stivna. Han visste også at tru var ein prosess – som Gud gav opningar for.

Etterfylgjaren av Hans Nielsen Hauge
Han kunne vera strateg. Eg minnest ein episode. Det nærma seg stemna i Sarons Dal. Eg skulle tala. Men det vart for djervt den veka. Det hadde kvesst seg til i nokre stridsemne i og ikring kyrkjer og samfunn. Eg var ”omstridd”. Skulle eg tala og vinne ære og forarging? Han var uviss om kva som tente Guds rike den dagen. Eg sa: ”Dette skal du ikkje tenkja på! Vi tek ein runde neste år. Saman. Du og eg”. Vi smilte til kvarandre pr. brev!

Så ringte han til meg neste år: ”Hans Nielsen Hauge! Du må snakka om han.” Eg hadde levert ei førelesing på Universitetet til folkeleg opplysning. Tre kvarter om Hans Nielsen Hauge på TV på føremiddagen. No hadde Aril køyrt bil ei tid og fekk med seg Hans Nielsen Hauge i bilradioen. Og no tente han: Du må koma i Sarons Dal og fortelja om Hauge!!! Snart.

Eg sette meg til og jobba med eit foredrag. Han Nielsen Hauge voks mellom hendene mine – og noko meir voks i same lei: Aril Edvardsen.
Hauge hadde farta land og strand rundt og forkynt – gjerne fleire gonger om dagen. Utrøytteleg ved Guds ord frå grend til grend kring år 1800. Når han kom innom ein gard eller ein vegkross. Preika han Guds ord.  Han la prestane til sides – trong ikkje dei – og forkynte heller rett og på sak. Det vart ”vennesamfunn” av gripne flokkar kring i landet der han hadde vore. Der han hadde misjonert.

Hans Nielsen Hauge kom aldri til India eller Bangladesh. Men han kom godt utanfor Norden og lærte og forkynte. Dessutan hadde han eit praktisk handlag – og eit økonomisk skjøn. Og han stimulerte ungdomar til å etablera seg, reisa nye tiltak: Tru og arbeid. Han inspirerte og gav landet noko som var stort og godt: Yngre folk kunne etablera seg og voks og vart heldige i handel. Men dei pengane skulle brukast til ny innsats, til å overvinna fattigdom, til å hjelpa fleire, til å skaffa seg arbeid.

Hauge var nok den største predikanten i Noreg i nyare tid. Men eg kjende at Aril kom etter. Eg såg det meir og meir medan eg skreiv på foredraget. Jau, eg ante det. Her var etterfylgjaren. Her var Hauge – og her var Aril i sine og Hauges eigne fotefar.

Aril var ikkje den same som Hauge. Dei hadde kvar sine måtar. Men Aril skjøna – og greip tak i Hauge, trur eg. For Hauge var med og tennte til folkeleg kristent liv over heile landet. Tru om ikkje Aril – med sine kampanjar innanlands – hadde teke fatt i nettopp dette – særleg dei siste tiåra..

Vi var vener og hadde gagn av kvarandre
Eg møtte Aril ganske ofte. Det skulle vore oftare. Men vi hadde kvar vår kant og kvar våre møte. Likevel var det alltid ei glede når vi møttest. Om vi ikkje nådde kvarandre der og då, visste vi at vi var vener og hadde gagn av kvarandre. Somme visste vel at vi hadde kontakt oss imellom. Andre visste slett ikkje det.
Ein politisk SV-leiar – og misjonsleiaren? Gjekk dei ihop? Dei gjorde det. Vi visste om kvarandre. Vi hadde auga til kvarandre. Utan at vi gjorde ei sak ut av det. Vi kunne nok ha ulike syn om eitt og anna, men helst forstod vi kvarandre.

Vi har begge runda dei sytti no. Livet har endra seg. Vi har lært meir og skjøna meir. Både Aril og eg skjøna meir. Aril hadde røynsle frå eige land og fleire kontinent. Han forstod. Såleis kunne han vida grensene og ta fleire og fleire med seg når han tenkte og undrast strategi. Såleis nådde han lenger – også til meg. Kanskje var vi begge noko heftige i periodar. Men etter kvart skjøna vi at erfaring hadde gjort oss klokare – iallfall han. Da eg inviterte han til eit teologisk seminar på universitetet om karismatiske rørsler, kom han med ein gong. Og – her kom religionsforskarar frå mange land i Asia, Latin-Amerika, Afrika og mykje meir. Aril ville vera med – også på Det teologiske fakultet. Eg bad han koma og han kom.

Dette var vel eitt av dei siste møta mellom oss. Vi hadde ein prat og mintest eit møte for lenge sidan da vi var svært unge. Vi møttest ikkje i akademisk samanheng. Vi kom heller i prat – om Trøgstad den gongen, bygda i Indre Østfold. Der hadde vi møtst for lenge sidan – i Havnås Leir, sivilarbeidsleiren i Trøgstad i Østfold. Vi hadde minne å gje kvarandre.

Les hele Berge Furre sitt stykke om Aril Edvardsen i Troens Bevis Magasin for mars. Les fra side 19 i magasinet her.



 

Gi en gave til misjonsarbeidet!

Se siste nyheter