Troens Bevis

Siste nytt

Troens Bevis held misjonselden brennande

Eg er veldig glad for at Rune Edvardsen har funne si eiga teneste og sin eigen stil. Han fører arbeidet vidare på ein veldig fin måte og når menneske som far hans ikkje nådde. Desse orda kjem frå Erling Thu som vitja Sarons Dal.

Av

Når var du i Sarons Dal og kva oppgåve hadde du?
Eg fekk Troens Bevis i gåve med det same eg vart døypt som nittenåring i 1962 og møtte Aril Edvardsen etter kort tid. Eg var medhjelpar på det første stemnet hausten 1964. Då hadde eg mellom anna ansvar for å henta og køyra tilreisande folk til teltmøta og hjelpa til der det trongst.
Hausten 1965 spurde Aril om eg kunne koma til Kvinesdal og arbeida for Troens Bevis. Familien flytta til Kvinesdal i februar i 1966 og me vart verande til me flytta til Stavanger i januar 1976. Eg fekk fleire oppgåver og hadde nok å gjera. Den første oppgåva var å vera representant for litteraturmisjonen og spreia litteraturen frå Troens Bevis til så mange som råd. Eg fekk i oppgåve å kontakta abonnentane av bladet og vera eit bindeledd mellom lesarane og redaksjonen. Eg skulle også prøva å få partnarar som ville selja og spreia litteraturen. Sjølvsagt skulle eg også samla inn pengar til misjonsarbeidet generelt, men spesielt å få folk til å støtta bygginga av bibelskulen i Sarons Dal med gåvebrev der dei lova å gje ein fast sum i månaden eller ei eingongsgåve.


Det vart mykje reising og eg trur at eg besøkte dei fleste abonnentane på Troens Bevis frå Telemark til Hordaland på dagtid og heldt møte om kveldane. Eg reiste i store delar av landet for å forkynna og evangelisera, og for å få folk til å støtta misjonsarbeidet og underhalda innfødde evangelistar.


Då me fekk høyra om Jesusvekkinga i USA og om ungdommane som evangeliserte på gater og torg, spurde Aril om eg kunne prøva å få til noko liknande her i landet. Eg fekk frie hender til å gjera det eg ville og starta då Operasjon Ungdomsteam (OUT). Jan Ernst Gabrielsen, David Wulff Wintersborg og Øystein Sandtorv var med på det første kurset 20-21 juni 1970. OUT vart etter kvart mitt hovudfokus. Me trente og sendte ut fleire hundre ungdommar i evangeliseringsteam om sommarane og hadde om lag førti ungdommar som var med på heilårsteam.


Litteraturen var viktig i evangeliseringsarbeidet mitt i Sarons Dal frå starten av og eg starta Logos Forlag. Eg var også involvert i Brevskulen og var ei tid til og med redaktør for den samiske utgåva av Troens Bevis, Osko Duodastus. I 1971 vart eg sendt til India, Pakistan og Sri Lanka for å organisera brevskular og få brevkursa omsett til lokale språk. I India fekk eg i gang brevskular på ti språk.


Kva minnast du me størst glede?
Dei ti åra me var i Sarons Dal var år med mange spennande opplevingar og stor glede. Det var fantastisk å høyra Aril fortelja frå misjonsreisene sine då han kom heim. Det vart etter kvart ein fin flokk av heilhjarta medarbeidarar i Sarons Dal og eg ser med stor glede tilbake på samhaldet og fellesskapet me hadde saman. Stemnene var sjølvsagt det årlege høgdepunktet då tusenar på tusenar samlast i Sarons Dal. Det var stort å vera med å be med folk til frelse og dei store dåpane me hadde i elva den siste søndagen gav stor glede. Men eg minnast tida med Operasjon Ungdomstid, med husbesøk, gatemøte og fellesskap med nyfrelste med størst glede. Ingenting kan målast med det å sjå folk kome til Jesus!


Kva har Troens Bevis betydd for Kristen-Norge?
Eg trur at Aril Edvardsen og Troens Bevis har hatt meir å seia for landet vårt enn me er klar over. Aril var ein plogspiss som braut ny grunn. Han introduserte mange nye ting, mellom anna den karismatiske rørsla. Dei store stemnene har gitt viktige impulsar til kristne i mange ulike kyrkjesamfunn. Eg veit ikkje om nokon andre som har betydd så mykje for Kristen-Norge i nyare tid som Aril og arbeidet i Sarons Dal.


Kva tankar har du for Troens Bevis i dag?
Eg er veldig glad for at Rune Edvardsen har funne si eiga teneste og sin eigen stil. Han fører arbeidet vidare på ein veldig fin måte og når menneske som far hans ikkje nådde. Han har evna å fornya arbeidet på ein god måte og har fått med seg mange fleire kristne leiarar og forsamlingar som medarbeidarar enn før. Det gjer at eg har stor tru på at arbeidet i Troens Bevis vil veksa i åra som kjem og vera til velsigning for skarar av menneske i både inn- og utland.
Eg trur at Troens Bevis er veldig viktig for å halda misjonselden brennande i ein ny generasjon av kristne i landet vårt.

Kilde: Troens Bevis bladet for Februar, 2017.

 

Vi har et enestående tilbud for deg! Vi gir deg et gratis abonnement på Troens Bevis bladet der du kan lese gripende misjonshistorier, kraftfulle vitnesbyrd og inspirerende artikler. Vår betaling? At du blir inspirert!

Klikk her for å motta Troens Bevis bladet, helt gratis.

Troens Bevis

 

 

Gjennom vårt misjonsarbeid får millioner av mennesker over hele verden høre evangeliet hver eneste dag.

Støttekonto: 3000 37 32769

Misjonsnytt på e-post

Nå kan du få enkle nyheter fra oss på e-post. Legg igjen din e-post adresse!

 

Bli en menighetsplanter

medarb
Ved å sende ut en innfødt evangelist  tar du evangeliet til nye folkegrupper på en måte vi aldri kunne klart som nordmenn.